Nybrott
ENSEMBLE ALLEGRIA
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Grieg sin ”Holbergsuite” fungerer som ramma når Ensemble Allegria spelar eit heilnorskt program med norske komponistar. Nordheim, Bolstad, Hagen og Åm møter Grieg i dette nyskapande programmet, der vi også får stifte nærare kjennskap med improvisasjonsduoen Vilde&Inga.
PROGRAM
Edvard Grieg: Holbergsuite
Kristin Bolstad: Frå eit landskap
Lars Petter Hagen: Tveitt-fragmenter
Magnar Åm: Studie over ein salmetone frå Luster
Vilde Sandve Alnæs og Inga Margrete Aas: Silfr
Arne Nordheim: Nachruf