Tilbake til alle arrangementer

Sigrid Moldestad og Ensemble Allegria - Pederhusveka 2019

Sigrid Moldestad og Ensemble Allegria

Breim Kyrkje, 15. juni 2019 kl. 17.00

Sigrid og kammerorkesteret Ensemble Allegria vart ført saman første gong under Hardanger Musikkfest 2017. Det vart stor suksess og ei gjensidig musikalsk begeistring. Dei fortsatte med konsert på Nesset Musikkfest i fjor og er no endelig klare for å besøkje heimbygda til Sigrid. Ensemble Allegria er eit av landets fremste kammerorkester. Dei fann kvarandre under studietida ved Norges Musikkhøgskule og har fleire plateinnspelingar bak seg. Dei er unge, virstouse og energiske!
I vakre Breim Kyrkje deler dei musikk i eit forrykande og vakkert samspel med Moldestad. Mange av Sigrid Moldestad sine songar er her arrangert for kammerorkester av Karl-Johan Ankarblom. Gjer deg klar for ein vakker ettermiddag ved Breimsvatnet og Breim Kyrkje. Orkesteret vert også delaktige ved Pederhuset seinare på kvelden, i og rundt bygda.

Tidligere arrangement: 25. mai
Ensemble Allegria: NÅ - Eva
Senere arrangement: 27. juni
Samspill - Valdres Sommersymfoni