Tilbake til alle arrangementer

Fjord Cadenza: Ode til Gleda - Sykkylven

  • Sykkylven Kyrkje Kyrkjevegen 24 6230 Sykkylven Norway (kart)

Dirigent og kunstnerisk leder for Fjord Cadenza: Rune Bergmann

Beethoven si skjebne seint i livet var tøff. Å miste hørselen for ein komponist er som å miste synet for ein billedkunstnar. Då han fullførte si niande og siste symfoni var han praktisk talt heilt døv. Likevel – eller kanskje nettopp difor – skapte han eit verk av ei kraft og ei skjønnheit som framleis set verda i ærefrykt, over 200 år seinare.

Den niande er eit monument i musikkhistoria. Fire satsar som går frå mørke og kamp til det som i fjerde sats eksploderer ut i «Ode til gleda» – Friedrich Schillers hyllest til fellesskap, fridom og menneskeverd, sett i musikk av ein kunstnar i dyp krise, som berre fekk høyre sitt kanskje største meisterverk inni seg, og som i følge historia måtte snu seg for å sjekke om publikum applauderte under urframføringa i 1824. 



Fredag den 28. august tek Rune Bergmann og Fjord Cadenza heile storproduksjonen vidare frå Ålesund til Sykkylven kyrkje. 150 utøvarar samla i eit kyrkjerom gir Beethovens monumentale musikk ein heilt eigen klang og nærleik. Med seg har han solistane Jacquelyn Wagner, Marianne Beate Kielland, Markus Bjørlykke og Magne Fremmerlid, Ensemble Allegria, Sjøforsvarets musikkorps, Ålesund vidaregåande skule sitt musikklinjekor og Ålesund kammerkor

Beethovens niande er eit monument i musikkhistoria. Då han fullførte si siste symfoni var han praktisk talt heilt døv – å miste hørselen for ein komponist er som å miste synet for ein billedkunstnar. Likevel, eller kanskje nettopp difor, skapte han eit verk som framleis set verda i ærefrykt, over 200 år seinare. Fire satsar som går frå mørke og kamp til det som i fjerde sats eksploderer ut i «Ode til gleda» – Friedrich Schillers hyllest til fellesskap, fridom og menneskeleg verdigheit.

Praktisk informasjon

Sykkylven kyrkje er universelt utforma
Det er ikkje nummererte plassar, så det kan lønne seg å møte opp tidleg.
Dørene opnar 45 minutter før konserten.

Tidligere arrangement: 27. august
Fjord Cadenza: Ode til Gleda - Ålesund