Tilbake til alle arrangementer

Hemsingfestivalen: Familiedag - Ole Bull i Valdres

  • Aurdal Kyrkje Valdresvegen 69 2910 Aurdal Norway (kart)

NO / EN

Familiedag: Ole Bull i Valdres

Utøvere:
Ragnhild Hemsing
Ensemble Allegria
saman med barn

Om
Hemsingfestivalen ynskjer å formidle musikkopplevingar også for dei yngste, og igjen inviterer me til ein eventyrdag for heile familien i Aurdal! Det blir uteaktivitetar i samarbeid med Aurdal IF og konsert inne i Aurdal kyrkje med Ensemble Allegria, Valdresstrykerne, Follofeler og Ragnhild Hemsing.

Del 1: Kl. 12.00 «Ole Bull i Valdres», familiekonsert i Aurdal kyrkje
Familiekonserten har me fått til ved hjelp av midlar frå Kulturrådet, Sparebankstiftelsen DNB, Furestiftelsen og Tom Wilhelmsens Stiftelse.

Del 2: Kl 13:00
Kl. 13.00. held familiedagen fram med ei løype med forskjellige aktivitetar for barn og vaksne ute, som aking, gjettekonkurranse, kasting på blink, kviss m.m. Til slutt i løypa ventar ein premie. Det er valfritt kva for aktivitet de er med på. Arrangementet er i samarbeid med Aurdal IF. 

Tidligere arrangement: 26. februar
Hemsingfestivalen: Ole Bull og Ola Kvernberg
Senere arrangement: 12. april
Ensemble Allegria besøker Innlandet!