Tilbake til alle arrangementer

Hemsingfestivalen: Festopning

  • Aurdal Kyrkje Valdresvegen 69 2910 Aurdal Norway (kart)

NO / EN

Festopning: Klang og poesi – mellom tonar og draumar

Foto: Hemsingfestivalen // Nikolaj Lund

Utøvere
Cecilie Løken Hesselberg, fløyte
Sidsel Walstad, harpe
Eldbjørg Hemsing, fiolin
Ragnhild Hemsing, fiolin og bratsj
Ensemble Allegria

Om
Me ynskjer velkomen til Hemsingfestivalen med ein festkveld av fantastiske musikarar i tett samspel. Kammerkonsert med Cecilie Løken, Sidsel Walstad, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing og Ensemble Allegria. Eit program i romantikkens og den franske musikkens teikn – frå Mozarts livlege duett for fiolin og bratsj til Debussys draumande Clair de lune, via Saint-Saëns’ poetiske Svanen og fransk eleganse hos Bizet, Ibert og Fauré. Fløyte, harpe og strykarar møtest i eit program som vekslar mellom det intime og det storslåtte, samt det lyriske og det virtuose. Konserten blir avslutta med Mendelssohns sprudlande og romantiske Strykesymfoni nr. 10 – ei musikalsk reise frå romantikkens varme klang til den franske musikkens poetiske, skimrande draumeverd. Her møter vi Ensemble Allegria både som fullt orkester og som enkeltmusikarar i ein sjeldan og personleg kammermusikalsk konstellasjon saman med Cecilie Løken på fløyte, Sidsel Walstad på harpe, Eldbjørg Hemsing på fiolin og Ragnhild Hemsing på fiolin. Dette er eit program med store kontrastar, men med éin fellesnemnar: ein kjærleik til den vakre, levande og fargerike kammertonen, i samspel med glitrande fløytetonar og hypnotiserande harpespel. 

Program
Mozart - Duo for fiolin og bratsj i B-dur nr 2, k. 424 (21. min)
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Ragnhild Hemsing (bratsj)

Debussy - Claire de Lune (4. min)
Sidsel Walstad (harpe), Ensemble Allegria

Massenet - Meditation frå Thais (5:30. min)
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Sidsel Walstad (harpe)

Bizet - Menuet fra L’Arlesienne Suite (3:30. min)

Bizet - Intermezzo fra Carmen (2:30. min)
Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)

Ibert - Entr’Acte (3. min)
Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)

Fauré - Sicilienne (3:30. min)
Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)

Mendelssohn - Strykesymfoni nr 10. i h-moll (10. min)
Ensemble Allegria

Tidligere arrangement: 13. desember
Lys i mørketid - Ensemble Allegria og Ditte Marie Bræin
Senere arrangement: 26. februar
Hemsingfestivalen: Musikksporet