Tilbake til alle arrangementer

Hemsingfestivalen: Musikksporet

  • Aurdal Fjellkyrkje Norway (kart)

NO / EN

Musikksporet

Nordiske landskap – frå vårlys til skumring

Frå kl. 12.00. blir det sal av bakevarer frå Bakeriet i Valdres utanfor fjellkyrkja.

Utøvere:
Ensemble Allegria

Om
Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren.

Eit konsertprogram fylt av nordisk klang, natur og stemning. Her møtest fest og folkedans, vårens forventning, lyse sommarbilete og stille vemod. Konserten opnar med Edvard Griegs elegante og leikne Holbergsuite, før Johan Svendsens høgtidelege Alt under Himmelens feste løfter blikket mot det storslåtte og himmelvende. Med Griegs Våren trer vi inn i eit lysare og meir lyrisk landskap – ei musikalsk skildring av naturens oppvakning.

Vidare går ferda til Carl Nielsens sprudlande Little Suite og Kurt Atterbergs fargerike Suite nr. 3, før Jean Sibelius’ gripande Valse triste rundar av konserten med ein heilt annan tone: mørkare, stillare og meir ettertenksam. Frå fest og folkedans til vårens forventning, nordisk natur og stille vemod – eit program som speglar breidda og det rike kjenslelandskapet i nordisk musikk. 

Program

Grieg - Holbergsuite (20. min)
Svendsen - Alt under Himmelens feste (3. min Grieg - Våren (5. min)
Nielsen - Little suite (15. min) Atterberg - Suite nr. 3 (12. min)
Sibelius - Valse triste (4. min) 


Organisert skitur til konserten
Det er flott å gå på ski frå Nythun til Aurdal fjellkyrkje, der ein kan delta på konserten Musikksporet i regi av Hemsingfestivalen kl. 13.00.

Turen startar ved Nythun kl.10.00. og går i oppkøyrde løyper. Møt fram kl. 09.45. Turen er ca. 12. km éin veg og tek 2–2,5. time. Løypa er småkupert og går gjennom fjellbjørkeskog og opne myrar. Undervegs passerer vi fleire stølslag og hytteområde. Vi passerer også Smørlitoppen og Binnhovdknatten.

Turen passar for deg som har gått noko på ski. Turleiaren vil gjere turen så trygg som mogleg, men du går på eige ansvar. Hugs å ha med drikke, vindtette klede, solkrem og solbriller.

Turen er eit samarbeid mellom DNT Valdres og Hemsingfestivalen. Parkering ved Nythun mot avgift. Skituren blir avslutta ved Aurdal fjellkirke.

Tidligere arrangement: 25. februar
Hemsingfestivalen: Festopning
Senere arrangement: 26. februar
Hemsingfestivalen: Ole Bull og Ola Kvernberg